Tilbakemelding frå sårsjukepleiar

Som sårsjukepleiar brukar eg Optima sine produkt dagleg:

  • Optima pH4 Hudvask/ hudvask pluss
  • Handvask til meg sjølv gjennom kvardagen 😊
  • Til sårvask, stort sett utblanda i lunka vatn. Fuktar kompress med hudvask/blandinga og reingjer sårflater. Brukar dette der ein elles gjerne brukar NaCl. Brukar dette både før og etter debridering.
  • Optima pH4 Hudbalsam
  • Fuktar kompress med hudbalsam og legg over sår som eit omslag. Ofte lyt pasienten venta litt før lege kjem og vurderer såret, då brukar eg dette som omslag, og fjernar det før eg dekkjer til såret med andre bandasjar.
  • Brukar den i sår som antibakterielt middel. Den er litt tyntflytande, men tjukk nok til at det stort sett går bra. Legg skumbandasje over. 
  • Anbefaler det til pasientar som hudpleie (evt Optima pH4 Hudpleie pluss) ved ulike hudplager eller for å bevara frisk og heil hud. 

Eirin Måkestad, sårsjukepleiar Helse i Hardanger/ Helsebanken Øystese

Sjå tilbakemelding frå sårsjukepleiar i pdf-format