Om Optima pH produkter for storfe

spenevask_kyr_storfe_seter_optimaOptima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. 

Jurhelse hos storfe

Optima ph spenespray har vist sikker effekt på jurhelsa.
Mastitt er den sjukdommen mjølkeprodusentar over heile verda taper mest på.

Produktevaluering

Mange tiltak er prøvd, ofte med variable og skuffande resultat. Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. Det har gitt resultater. Seinare er spenesprayen vidareutvikla i fleire omgangar og er pr i dag betre enn nokosinne.

Optima pH gel

er nytt produkt til glidemiddel ved fødselshjelp, overflatesår (hasesår etc) og som ”spenesalve”.
Til alle desse formåla har dette produktet heilt andre eigenskapar enn dei som finst i dag.

gel_dyr_optima

Klauvsjukdomar

I store buskapar med lausdrift er klauvsjukdomar blitt eit stort problem. Optima pH organiske syrer er brukt i fotbad med svært gode resultat i fleire buskapar.
Ta gjerne kontakt for utfyllande informasjon: [email protected].

Kalv

I store buskapar i lausdrift er det høgt smittepress. Det gjev seg bl a utslag i mage-/tarmplager på kalvane. I fleire tilfelle har det hjelpt å bruka ei blanding av Optima pH mageregulator og Optima pH organiske syrer i mjølka.

Bli fornøgd:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som mjølkeprodusent lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610