Optima pH 4 SPENESPRAY har vist sikker effekt på jurhelsa. Mastitt er den sjukdommen mjølkeprodusentar over heile verda taper mest på. Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. Alt i 1998 viste spenesprayen effekt på mastitt i ei større produktevaluering utført i regi av Tine/Hts. Tinetrykk 2/2000. Seinare er spenesprayen vidareutvikla i fleire omgangar og er pr i dag betre enn nokosinne

Optima pH 4

SPENESPRAY

For mjuke og elastiske spenar

Optima har fokusert på pleie av spenane og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer.
Optima pH spenespray er produktet som har vist sikker effekt på jurhelsa. Bruk av denne spenesprayen er eit rimeleg og godt dokumentert jurhelsetiltak. Kan brukast i mjølkerobot.

I Optima spenespray er det ikkje solfaktor. Det er fordi me ikkje vil ha slike kjemikalier i våre produkter, og fordi det er lite bruk for solfaktor på spenane i vårt klima. Mange har gode erfaringar med Optima gel når det er rikeleg med sol, og ved ekstrem sol og vind tilrår me å bruka spenesalve med solfaktor.

Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur.

Les meir om produkt for storfe

HMS datablad spenespray

Ingredients

Funksjon/forklaring:

Aqua

Reint vatn frå Hardanger

Glycerol

Fuktgjevande
Hindrar uttørking
Held hud og slimhinner mjuke og elastiske

Sodium alginate

Produsert av tang og tare
Gunstig for sårheling
Alginat bidreg til rett konsistens
Alginat absorberer sårsekret og er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling

Acetic acid (eddiksyre)
Trisodium citrate (sitronsyre)
Potassium sorbate (sorbinsyre)
Sodium benzoate (benzosyre)

Den unike kombinasjonen av desse 4 organiske syrer gjev pH4.

• pH 4 bevarer den gode og normale (nyttige) bakteriefloraen og har hemmande effekt på problembakteriar
• pH4 styrker huda sin fornyingsprosess
• Dei organiske syrene er konserverande

Lemon Essence Oil

Gjev god lukt og dempar eddiklukten

Green color

Bidreg til Optima sin grøne profil

Alle ingrediensar er godkjente til bruk i mat!

SPENESPRAY

Alle prisar vert vist inkl. mva for norske lesarar. For øvrige land, også Danmark og Sverige, vert prisar vist eks. mva. Frakt og evt. toll kjem i tillegg til alle prisar. NORGE: Fraktfritt ved kjøp over kr. 1400.- inkl.mva.
OMTALE, NYTT OG TILBAKEMELDINGAR:
  • Våre forhandlarar

    Våre forhandlarar

    Her kan du kjøpa Optima-produkta: Av praktiske omsyn er forhandlarlista … Fortsett å lese Våre …
  • Hund med såre poter

    Hund med såre poter

    En venninne behandlet hunden med hudvask, hudspray og gel etter … Fortsett å lese Hund …
Handlekurv
Hippokrates