Optima Produkter AS – om oss

Optima Produkter AS er eit lite, familieeigd firma som produserer “produkter på lag med naturen”.
Hudvask og hudpleie til folk og dyr og produkter for vask og ”desinfeksjon” av rom og utstyr.

 

Veterinæren som utvikla Optimakonseptet

Arbeidet med det som seinare skulle bli ein suksesshistorie tok til i 1984 då veterinær Magne Skjervheim gjorde dei første forsøka med tilsetning av maursyre i fôr til gris.

HF0209_optima2“Naturens kur mot hudplager”

Alle produkta er forankra i naturens mekanismar mot oppvekst av skadelege bakteriar og sopp. Overskrifta her er formulert av Bergens Tidende sin journalist i artikkel i sept 2013.

Produktutvikling og produksjon

I 1990 starta Magne Skjervheim arbeidet med å utvikla hudpleieprodukter; først for dyr, seinare også for folk. Optima Produkter AS vart stifta i 1997.
Etter denne tid er mange nye produkt komne i produksjon og det er gjort store forbetringar i “dei gamle”. Nesten kvar dag får me hyggelege tilbakemeldingar frå takknemlege kundar som har registrert at desse produkta har effekt på mange hudplager hjå folk og dyr.

Optimakonseptet – “Naturens kur mot hudplager” – utan parabener !

Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat.
Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling og forverring av hudplager.

Hvis du er plaga med tørr hud, kløe, sprekker eller andre hudplager bør du prøva Optima

Hvis du ikkje har slike plager kan bruk av Optima førebygga at hudplager får utvikla seg. På Faktaark folk finn du rettleiing om bruken av Optima

Omsetningen stig!

2012 til 2015 har vore gode år for Optima. Omsetningen er nesten fordobla; nye produkt (hudbalsam, gel og intimvask) er utvikla og produksjons-kapasiteten er meir enn fordobla.
I løpet av sommaren 2014 vart fabrikken utvida slik at me kan effektivisera og veksa vidare.

optima-magne2-resized
FAKTA OM OPTIMA PRODUKTER AS
ETABLERT: 1997
HELD TIL: Norheimsund i Hardanger
ETABLERT AV: Veterinær Magne Skjervheim
TILSETTE: 3
PRODUKT: Optima pH hudpleieprodukter for
folk og dyr
Optima pH universalvask og
organiske syrer
ADRESSE: Gamle Dalaveg 86,
5600 Norheimsund.Tlf. 56 56 46 10
91 81 74 32 Ingunn
www.optima-ph.no
[email protected]
ÅPNINGSTID: Fabrikkutsalet er ope
månd. til fred. 8.30 -15.00

Veterinær Magne Skjervheim som står bak Optimaprodukta.