INNHALD I OPTIMA:

INNHALD I OPTIMA:
Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Absorberer sårsekretet og stimulerer det uspesifikke immunforsvaret.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane.

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.
NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.