2018/06/14

Lett atopisk eksem

Eg var innom deko for 2 månader sidan og fekk hjelp til å velja ut nokre produkt eg skulle teste på guten min som har atopisk eksem. Vedlagt ligg bilde av huda hans før eg starta å bruke optima hudvask pluss, hudbalsam og hudpleie pluss spray. Bruker hudbalsam morgon og kveld og kun hudvask pluss ved vask og liknande.
Han er heilt fin i huda og produkta har vore til veldig god hjelp. Prøvde masse andre kremar og produkt før eg starta med Optima, dette utan hell.

Mvh Anette

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

          Før behandling med Optima                         Etter 3 dager med Optima

2016/07/21

Optimakonseptet

Optimakonsepet – «Naturens kur mot hudplager»- utan parabener !

Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat.
Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling og forverring av hudplager.

2016/05/05

MI

I desse tider, når det er så mykje snakk om MI (methylisothiazolinone) og parabener vil me minna deko om at Optima sine produkt sjølvsagt er utan desse stoffa!
Optima sine produkt har få ingrediensar og i hudpleieprodukta er alle godkjende til bruk i mat. I hudvask produkta har me sjølvsagt litt vaskestoff for å få vaskeeffekt.. Men me brukar halvparten i forhold til andre vaskeprodukt. Med den låge pH 4 er Optima perfekt til vask av heile kroppen.

2016/02/25

Kviseproblem 2

Har  ei jente på 20 år som ikkje har vore særleg plaga med kviser, men siste året har panna vore full i småkviser. Sjølvsagt fortvila over dette, og ho har prøvd masse kremar og renseprod. Eg fann hudpleie pluss til ho som ho dusjar lett på etter vanleg vask kvar kveld. Panna er blitt veldig bra og jenta er strålande nøgd.