2015/07/09

Om Optima-pH produkter for folk

shampo-balsam-hudvask-stor_optimaOptima pH for folk: Shampo, hudbalsam og hudvask.

Hudvask og hudpleie med låg pH – utan parabener!

Optimakonseptet er ein unik formel for hygiene og hudpleie. I vårt moderne samfunn er det utruleg mange som får redusert livskvalitet pga diverse hudplager.

Om samanhengen mellom hudplager og ph i hudpleie-produkter

For folk med hudplager er det viktig å forstå kvifor dei skal bruka hudpleieprodukter (såpe, sjampo, hudkrem etc) med låg pH.
Faktaark folk er ei rettleiing  om bruken av Optima

Her er eit par tilbakemeldingar:

“Jeg har nå prøvd produktene. Veldig bra! Jeg plages mye med tørr hud og sprekkdannelser på både hender og føtter om vinteren. I år har jeg nesten ikke hatt slike plager. Jeg har gitt noen prøver til et par venner – de ønsker seg mer!Jeg ser for meg mange anvendelsesområder. Jeg er fasinert av hvordan man kom fram til produktet. Det viser at god grunnkunnskap og kreativ tankegang kan gjøre mye (lege). ”

“Jeg har fått prøve produktene hos en venninne og er utrolig godt fornøyd med resultatet. Etter snart 50 år med hudproblemer, har jeg ikke opplevd maken til god bedring på kort tid, men jeg bor veldig langt unna utsalgsstedene og håper derfor jeg kan kjøpe dem direkte fra dere.”

OPTIMAKONSEPTET

• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.

 

shampo-balsam-hudvask_kvit-br

 

INNHALD I OPTIMA:

Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT er ein av dei viktigaste ingrediensane i alle Optimaprodukt. Det har dokumentert effekt på sårheling og styrker immunforsvaret. Alginat er ein viktig del av spesialbandasjar for sårheling. ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Alginat absorberer sårsekretet og stimulerer det uspesifikke immunforsvaret. Optima er den einaste hudpleieserien som inneheld dette stoffet.

ORGANISKE SYRER: Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av
organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt.
Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.
I Optimaprodukta finst det ikkje parfyme, skadelege kjemikaliar eller miljøgifter.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.

NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

HMS datablad finn du under produktbeskrivelsen på det enkelte produkt.