2015/07/09

Om Optima-pH produkter for folk

shampo-balsam-hudvask-stor_optimaOptima pH for folk: Shampo, hudvask og hudbalsam.

Hudvask og hudpleie med låg pH – pH4 bevarer den gode og normale bakterieflora og gjev hud i balanse

“Naturen skal kun hjelpes for at dens egen kraft skal virke”-Hippokrates-

Optima spelar på lag med naturen og vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Det gjer me ved at me tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Låg pH (pH4) og bruk av organiske syrer styrer bakterieveksten bort frå skadelege bakteriar og sopp, samtidig som ein tek vare på dei gode bakteriane. Då hjelper me huda til å hjelpe seg sjølv, og me får me ei hud i balanse.

OPTIMAKONSEPTET

• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.

shampo-balsam-hudvask_kvit-br

INNHALD I OPTIMA:

Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT er ein av dei viktigaste ingrediensane i alle Optimaprodukt. Det vert brukt som eit fortjukningsmiddel. ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner.  Optima er den einaste hudpleieserien som inneheld dette stoffet.

ORGANISKE SYRER: Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av
organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt.
Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.
I Optimaprodukta finst det ikkje parfyme, skadelege kjemikaliar eller miljøgifter.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.

NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

Optimakonseptet er ein unik formel for hygiene og hudpleie. I vårt moderne samfunn er det utruleg mange som får redusert livskvalitet pga diverse hudplager.

For folk med hudplager er det viktig å forstå kvifor dei skal bruka hudpleieprodukter (såpe, sjampo, hudkrem etc) med låg pH. Optima pH4 hjelper huda til å ta vare på seg sjølv ved å ta vare på hudas syrlege miljø og normalflora. Hud og slimhinner er vårt første vern mot skadelege bakteriar. Optima pH4 tek vare på dei gode bakteriane.

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

HMS datablad finn du under produktbeskrivelsen på det enkelte produkt.