Optima Produkter AS – Historia

Optima Produkter AS – stifta av gründer og veterinær Magne Skjervheim

I 1997 stifta veterinær Magne Skjervheim Optima Produkter AS.
Han etablerte produksjonslokale i den private garasjen sin i Norheimsund, og her eksperimenterte han seg fram til effektive reinhalds- og hudpleieprodukt for menneske og dyr.

Magne Skjervheim ferdig med artium og klar for å ta fatt på
veterinærstudier. Privat foto.

Forfattar: Randi Jåstad 07.01.24

Gründer i garasjen

Skjervheim sine erfaringar etter ei heilt spesiell “grise” historie vart utgangspunktet for Optima-produkta slik me kjenner dei i dag.

Bak forretningsidéen til Skjervheim ligg ei spesiell historie frå 1980-talet då Skjervheim var tilsett i Næringsmiddeltilsynet i Etne, Vindafjord og Ølen. På slakteriet i Ølen kom det i 1984 inn griser som det lukta fisk av.

Det viste seg at ein fiskar i Austevoll, som hadde fått meir fisk enn han kunne verta av med, hadde male opp fisken, tilsett maursyre som konserveringsmiddel og selt blandinga som grisefôr. Då grisene kom til slakteriet i Ølen, lukta og smakte dei fisk, og Skjervheim måtte stoppa heile slakteprosessen.

Grisene som fekk fiskefòr vaks fort og heldt seg friske

For å finna ut kva som hadde skjedd tok Skjervheim kontakt med grisebonden,
som kunne fortelja at grisene som fekk fiskefôr, hadde vakse fort og halde seg
friske utan antibiotika. På denne tida var det vanleg å tilsetja antibiotika i grisefôret
for å unngå at dyra fekk diaré.

Faksimile av artikkel i avisa “Grannar” 1990. Artikkelen fortel om “oppsiktvekkjande resultat med
foring etter maursyremetoden”, ein forings-metode utvikla av Magne.

Forsking og innovasjon

Magne har ein teori om maursyre og bakteriar

Dette vekte forskartrong hjå den vitelystne Skjervheim, som i arbeidet sitt som dyrlege hadde vorte interessert i økologi og samspelet mellom bakteriar og sjukdom hjå dyr. Han hadde ein teori om at det var maursyra i fôret som hadde teke vare på magane til grisene som lukta fisk. Difor byrja han eksperimentera med å tilsetja maursyre i ulike fôrtypar. Han meinte syra hadde eigenskapar som tok knekken på sjukdomsframkallande bakteriar.

Organiske syrer i fôret – eit alternativ til antibiotika?

Føremålet med forsøka var først og fremst å redusera den omfattande bruken av antibiotika som fanst i husdyrhaldet i Noreg og prøva seg fram til fôr som kunne halda griser friske. Grisebønder i Sandeid sa seg villige til å vera med på eit forsøk med dette nye fôret, og resultata viste at organiske syrer var det beste reelle alternativet til antibiotika. Slik var Skjervheim innovativ og forut for si tid når det gjaldt antibiotika og resistente bakteriar.

Faksimile frå artikkel i avisa “Grannar” 1990. Artikkelen fortel om “oppsiktvekkjande resultat med
foring etter maursyremetoden”, ein forings-metode utvikla av Magne.

Forbudt hundefôr gav ny kunnskap

Skjervheim hadde òg fått patent på eit hundefôr basert på rått slakteavfall og maursyre, men dette produktet måtte han slutta med då styresmaktene forbaud å bruka slakteavfall til fôr. Likevel, gjennom arbeidet med hundefôret hadde Skjervheim samla seg røynsler som skulle koma vel med seinare. Med ny kunnskap arbeidde han vidare med å dokumentera kva effekt ulike syrer hadde på bakteriar og konkluderte med at organiske syrer førte til låg pH og hadde god effekt på slimhinner og hud.

Mange i forskingsmiljøa var skeptiske til resultata til Skjervheim, men han hadde stort pågangsmot og arbeidde systematisk vidare med ulike kombinasjonar av syrer i forskjellige produkt.

Gode og dårlege bakteriar

pH-verdiar kan ha innverknad på bakteriane

Vidare arbeidde Skjervheim etter det økologiske prinsippet om at syrer stimulerer og tek vare på dei gode bakteriane i den naturlege bakteriefloraen, medan sjukdomsframkallande bakteriar ikkje likar syrer. Dei trivest best ved pH over på den basiske sida, det vil seia pH7 og oppover.
I den normale bakteriefloraen på hud, slimhinner og i tarmane finst bakteriar som spaltar mellom anna talg og gjev med det frie organiske syrer. Dette resulterer i at huda har ein pH på om lag 5.5, og det som vert kalla den beskyttande syrekappa til kroppen, vert danna. Ved så låg pH vil òg dei sjukdomsframkallande bakteriane verta hindra i å dominera.

Produkt til folk, dyr og reinhald

Med denne kunnskapen i botnen utvikla han litt etter litt ulike produkt til folk, dyr og reinhald. Optima-produkta byggjer på kombinasjonen av fleire organiske syrer, som kvar for seg og saman motverkar uynskte bakteriar og sopp. Samtidig gjev desse produkta pH på under 5, som vil stimulera dei rette bakteriane slik at dei får overtaket på hud, i slimhinner og i tarm.

Magne utvikla litt etter litt ulike produkt til folk, dyr og reinhald etter prinsippet:
“…syrer stimulerer og tek vare på dei gode bakteriane i den naturlege bakteriefloraen, medan sjuk-
domsframkallande bakteriar ikkje likar syrer.”
Magne på besøk hjå Undredal Stølsysteri. Bilete henta frå Veterinærinstituttets årsrapport 2005

Prøving og feiling

Maursyre vart i sterkaste laget

Alt før Skjervheim og kona flytta til Norheimsund i 1995, hadde han funne ut at maursyre vart i sterkaste laget, og gjekk difor over til å bruka eddiksyre. I tillegg nytta han tre andre organiske syrer som ein òg kan finna i sitron, tytebær, molter og andre planter. Desse organiske syrene senkar pH-verdien og skaper eit miljø som favoriserer den normale bakteriefloraen hjå folk og dyr.

Testing for Tine-meieri

I 1994 var ein spenespray klar til testing hjå mjølkeprodusentar for Tine-meieriet i Førde, og tilbakemeldingane var så gode at Skjervheim gjekk vidare med planane om å laga spenespray som salsprodukt.

Bedifta vaks og Magne hyrte inn hjelp frå familiemedlem Ingunn Bjørke, som var utdanna nærings-
middelteknolog og hadde bakgrunn frå meieribransjen.
Foto: HF, Hordaland Folkeblad, 2024

Garasjen vert for liten, fleire hender trengst

I den 60 m2 store garasjen sin fekk gründeren installert brukte mjølketankar, som han kjøpte frå Vestlandsmeieriet. Dei første åra var prega av prøving og feiling, men det losna etter kvart, og garasjen vart for liten. Skjervheim leigde seg inn i eit større lokale på Sandven i Norheimsund, hyrte inn familiemedlem Ingunn Bjørke, som var utdanna næringsmiddelteknolog og hadde bakgrunn frå meieribransjen, til å hjelpa til.

Campingvogn som pauserom

– Det var nokså nøktern standard dei første åra, seier Bjørke. – Me hadde ikkje toalettfasilitetar i lokala og måtte investera i ei gammal campingvogn til pauserom.
Skjervheim hadde jobb på Veterinærinstituttet i Bergen medan Optima Produkter AS stegvis utvikla seg frå hobby til arbeidsplass. Bedriftsnamnet Optima refererer til den optimale pH-en hjå folk og dyr.

I 1997 var spenespray for kyr det første produktet som vart sendt ut på marknaden, etter grundig
testing på laboratoriet ved Veterinærinstituttet i Bergen. Vestlandsmeieriet tok imot produktet og
formidla det vidare til forhandlarane sine.
Bilete av Spenespray for kyr – foto 2010.

Optima kjem på marknaden

I 1997 var spenespray for kyr det første produktet som vart sendt ut på marknaden, og Skjervheim fekk utført kontinuerleg utprøving og dokumentasjon av bakteriekontroll ved hjelp av spenesprayen på laboratoriet ved Veterinærinstituttet i Bergen.
Han skaffa seg kontakt med nokre få seljarar innan marknadssegmentet husdyrproduksjon, og i tillegg tok Vestlandsmeieriet imot produktet og formidla det vidare til forhandlarane sine.

Utsnitt av artikkel i Hordaland Folkeblad februar 2005: Optima-produkta får positive attendemel-
dingar frå ulike stader i landet, spesielt frå bønder som har testa produktet på dyra sine – og seg
sjølve. Les heile artikkelen her

Jungeltelegrafen

Dei gode røynslene bøndene fekk med spenesprayen, vart formidla frå gard til gard. Somme fann òg ut at huda på hendene vart mjuke og gode når dei brukte spenesprayen. Ein bonde på Jæren hadde så store plager med såre hender at han hadde vurdert å gje opp gardsdrift med husdyr. Etter at han hadde brukt spenesprayen 2-3 månader, var hendene problemfrie.
Slike historier vart det mange av, og gode tilbakemeldingar inspirerte Skjervheim til å utvikla nye produkt.

Hudpleie til menneske, ikkje berre dyr?

Skjervheim arbeidde vidare med å dokumentera effekt av ulike organiske syrer på mange aktuelle bakteriar. Etter kvart skaffa han seg grunnlag for å utvikla hudpleieprodukt ikkje berre til dyr, men òg til menneske, og i 2002 vart det første hudpleieproduktet for menneske lansert.

I 2002 vart dei første hudpleieprodukta for menneske lansert. Desse produkta er eit resultat av at
Magne testa dyreprodukta på seg sjølv, på sitt eige brannsår. Foto: Magnar Fiksen.

Forskarar vert nyfikne

Innovasjon Norge løyver pengar

Rundt år 2000 byrja folk i forskingsmiljøa leggja merke til arbeidet til Skjervheim, og forskarar ved Veterinærhøgskulen inviterte han med på forskingsprogrammet «Økologisk infeksjonskontroll og uspesifikk immunitet».

Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Veterinærinstituttet, Prior, Tine og andre.

Forskingsresultata stadfesta at organiske syrer hadde positiv effekt på den normale bakteriefloraen i hud og tarm hjå dyr. Resultata førte til at Innovasjon Norge løyvde pengar til ulike pilotprosjekt.

Magne hadde så stor tru på Optima-produkta at han brukte seg sjølv som prøvekanin då han fekk
eit brannsår på armen. Resultatet frå brannsåret vart startskotet for utvikling av produkt til folk.
Biletet: Magne og kona Inger Berit. Privat foto.

Seg sjølv som prøvekanin

Nyttårsaftan 1999 fekk Skjervheim eit stort brannsår på armen frå ein brennande fakkel, og brannsåret vart utgangspunktet for nye forsøk. Han brukte vanleg brannsalve på halve såret og spenespray på resten.

Fleire gongar for dagen smurde han inn såret, samtidig som han dyrka bakteriar frå såret på Veterinærinstituttet i Bergen. Det viste seg at den delen som hadde vorte smurd inn med spenespray, grodde dobbelt så fort som den andre halvdelen. Resultatet frå brannsåret vart startskotet for utvikling av produkt til folk.

Fotbad og klauvhelse

Kyr som går i lausdriftsfjøs, har lett for å få problem med klauvene på grunn av bakteriar på golvet. I 2013 – 2014 gjennomførte Optima Produkter, i samarbeid med klauvskjerarar, forsøk med fotbad for kyrne etter klauvskjering. Røynslene frå to buskapar i Kvam og Jondal som brukte fotbad med organiske syrer, viser at denne behandlinga har positiv effekt på klauvhelsa.

Hunden Kira hadde ein alvorleg infeksjon og antibiotika hadde ikkje effekt. Som ein siste utveg
testa veterienæren Optima. Faksimile artikkel Ditt Dyr, jan 2005. Les heile artikkelen her

Hudinfeksjonar hjå hund

Studien «Økologisk infeksjonskontroll. Alternativ behandling av pyodermier hos hund» vart gjennomført på dyreklinikken på Stend i 2016. Føremålet var å finna ut om det å senka pH-en med Optima hudpleiemiddel kunne gje like god effekt som behandling med antibiotika ved hudbetennelsar framkalla av bakteriar.

Ein konkluderte med at ein ikkje fann signifikante skilnader i klinisk betring eller bakterieflora etter fire vekers behandlingstid mellom dei to behandlingsformene, men at Optima pH hudspray for hund virka like godt som antibiotika ved fleire tilfelle. Forsøksrapporten seier at forsøket skaffa nyttig kunnskap for vidare arbeid med å få ned bruken av antibiotika.

Optima pH hudbalsam i kroniske sår

Med økonomisk støtte frå Innovasjon Norge vart det i 2016 gjennomført ein studie på overflatesår på sårpoliklinikken ved Stord sjukehus. Ein ville testa om bruk av Optima pH hudbalsam hadde god effekt på sårbakteriar, til dømes stafylokokkar.

i 2016 vart det gjennomført ein studie på overflatesår på sårpoliklinikken ved Stord sjukehus. Ein
ville testa om bruk av Optima pH hudbalsam hadde god effekt på sårbakteriar. Utsnitt frå artikkel
av Seksjonsoverlege Bodo Günther, Stord Sjukehus. Mars 2014. Les heile artikkelen her

Testresultat frå Stord Sjukehus

Resultata viste at bakteriemengda i sår vart redusert ved bruk av Optima pH hudbalsam, men resultatet kunne ha vore betre dersom ein hadde påført hudbalsam i såret hyppigare enn kvar tredje dag, slik det vart gjort i studien. Optima si anbefaling er ein gong per dag. Sårpoliklinikken slo seinare fast at ved sein tilheling, auka bakteriell belastning og auka luktproduksjon er Optima svært aktuell.

Produktutvikling

I tillegg til å bruka syrer prøvde Skjervheim seg fram med alginat frå tang og tare og tilsette glyserol som fuktbevarande middel. Alle ingrediensane i hudpleieprodukta er godkjende til bruk i mat. I såpene brukar ein såpestoffet tensid, som vert lett nedbrote i naturen. I staden for parfyme nyttar ein aroma.

Innkjøpsavtale med Helse Vest

Optima-produkta er ikkje katalogiserte som legemiddel, men det finst dokumentasjon på at dei har god effekt på sår- og hudproblem. Helse Vest har i dag innkjøpsavtale på sårprodukt med Optima Produkter AS.

Optima til folk, dyr og reinhald

I dag kan bedrifta tilby ni ulike produkt for folk og åtte for dyr. I tillegg kjem ulike reinhaldsprodukt. Produktutvikling skjer kontinuerleg, basert på ny forsking, røynslene frå universitets- og sjukehusmiljø og ulike kundegrupper.
Store ord og glitrande reklameplakatar er ikkje Optima sin stil. Ein har enkelt og greitt valt å gje produkta namn etter kva dei skal brukast til, slik som hudvask, hudbalsam, sjampo, intimvask osv.

Produkt for folk

Produkt til reinhald

Produkt for dyr

Foto: Fjord Moods Photography

Marknadsføring og sal

500 forhandlarar over heile landet og eigen nettbutikk

I dag har Optima Produkter AS avtalar med nesten 500 ulike forhandlarar i heile landet. Mellom anna er Felleskjøpet og Bondekompaniet trufaste kundar, og fotterapeutar både brukar og sel Optima-produkt.

Somme apotek, dyreklinikkar, dyrebutikkar, veterinærar, landbruksrelaterte butikkar og grossistar har teke Optima-produkt inn i vareutvalet sitt.
I tillegg har bedrifta eigen nettbutikk, som sender varer innan- og utanlands.

Administrasjonen er òg aktiv på sosiale medium, deltek på messer og held foredrag rundt om i landet.

Her finn du oversikt over forhandlarane:

https://optima-ph.no/forhandlarliste

Optima Produkter deltek på messer og held foredrag rundt om i landet. Optima har omlag 500
ulike forhandlarar, mellom desse er apotek, dyreklinikkar, dyrebutikkar, veterinærar, landbruksrela-
terte butikkar og grossistar. Bilete frå NIFS- kongress i Oslo. Foto: I. Bjørke

Kva seier kundane?

– Kundane gjev oss verdfulle tilbakemeldingar, som me brukar når me evaluerer og vidareutviklar produkta våre, seier Bjørke.
Mange kundar har gjerne brukt ulike typar legemiddel før dei får kjennskap til Optima. Folk med psoriasis, eksem eller atopisk eksem har ofte prøvt mange ulike kurar før dei til slutt vert hjelpne med Optima-produkt.

Optima hudbalsam er populær

Diabetikarar har høgare pH i huda og høgare smerteterskel enn andre. Tilbakemeldingar frå denne kundegruppa fortel om god effekt av Optima hudbalsam på sårheling. Ungdom som er plaga av kviser, toler ikkje alltid kosmetiske, parfymerte produkt, men vert kvitt plagene sine med Optima-produkt.
Reinhaldarar, som gjerne plagast med turr hud på hendene, skryter av universalvasken til Optima. Til og med vindauge er lette å få skinande med reinhaldsprodukta til Optima, seier dei.

Tilbakemeldingar frå kundane er viktige når me evaluerer og vidareutviklar produkta våre.
Mange kundar har gjerne brukt ulike typar legemiddel før dei får kjennskap til Optima.
Me har fått tilbakemeldingar frå kundane våre heilt frå oppstarten, du kan finne dei her:

Glade dyreeigarar

Dyreeigarar melder om at Optima hudvask, hudspray og gel verkar betre på såre hundepotar enn Bacimycin og potesokkar. Sameleis fortel folk at for hundar som er plaga av kløe, har Optima-produkt hatt betre effekt enn grønsåpe og kortisonspray. Marsvin har vorte kurerte for flass og håravfall ved hjelp av Optima-produkt.
Jungeltelegrafen fungerer framleis og er ein viktig føresetnad for sal og marknadsføringsarbeidet til bedrifta.

Kundar møter du her: https://optima-ph.no/category/tilbakemeldingar/

I 2007 flytta Optima inn i eigne nybygde fabrikklokale i Sandvenhagen i Norheimsund. I 2023 vart
lokala utvida til totalt om lag 1000 m2. Her er nokre sauer på besøk utanfor lokala. Foto: I. Bjørke

Vekst og utvikling

Med større vareutval trong verksemda meir plass. I 2007 flytta bedrifta inn i eigne nybygde, romslege fabrikklokale i Sandvenhagen industriområde i Norheimsund, og i 2023 vart desse lokala utvida med 400 m2 til totalt om lag 1000 m2. I tillegg investerte ein i ny tappelinje.

I 2023 vart lokala utvida og det vart investert i ny tappelinje. Her er Asle og Sidsel Irene i full gang
med tapping av Optima Shampo. Foto: Optima

Magne arbeidde med produktutvikling til det siste

I 2010 vart Skjervheim råka av alvorleg sjukdom, men arbeidde med produktutvikling så langt han hadde krefter til, heilt fram til han døydde i 2017.
I 2011 overlét han ansvaret som dagleg leiar til Ingunn Bjørke, som kjende produkta og bedrifta godt.

6 tilsette med allsidig kunnskap

I dag har Optima Produkter AS seks tilsette, fordelte på 4.2 årsverk. Asle Tjøstheim, agronom og meierist med røynsle frå meieridrift, er no produksjonssjef.
– Dei som jobbar her, er som poteta, seier Tjøstheim. – Alle er fleksible og kjenner arbeidsprosessane inngåande. Alle hjelper til der det trengst.
– Me har bygt opp bedrifta stein for stein, seier Bjørke. – Me har ikkje hatt underskot og har alltid halde eit nøkternt nivå på drifta.

I 2011 overlét Magne ansvaret som dagleg leiar til Ingunn Bjørke. Asle Tjøstheim, agronom og
meierist med røynsle frå meieridrift, er no produksjonssjef. Foto: Sidsel Iren Neteland Linga

Styre med solid fagleg bakgrunn

Etter å ha vore styremedlem i mange år vart apotekar og farmasøyt Atle Naterstad styreleiar i 2023. Han har fagleg innsikt i ingrediensar og produktutvikling og lang røynsle som bedriftsleiar. I tillegg er Connie Langeland, med erfaring frå marknadsføring, og veterinær Magnus Nyborg med i styret.
– Å ha gode samtalepartnarar med kunnskap innan ulike fagområde styrkjer bedriftsutviklinga, seier Bjørke.

Miljømedvit er viktig for Optima: All produktemballasjen kan resirkulerast. Solceller er installerte på
taket, og firmabilen er el-bil. Ein har fokus på å nytte lokale handverkarar og å handla lokalt.
Foto: I. Bjørke

Lokal identitet og miljømedvit

Miljømedvit er eit stikkord for Optima Produkter AS. All emballasje som vert brukt, kan resirkulerast. Solceller er installerte på taket av det nye bygget, og bedrifta har kjøpt el-bil. Under utbygginga vart lokale handverkarar nytta, og dei tilsette er medvitne om verdien av å handla lokalt.
Bedrifta legg vekt på lokal identitet og språk, og difor nyttar ein nynorsk i all marknadsføring, kommunikasjon med kundar og internt i bedrifta. Det enkle, presise nynorske språket har blitt lagt merke til både lokalt og sentralt, og i fjor vart Optima Produkter AS heidra med Nynorsk Næringslivspris frå Noregs Mållag.

I 2023 vart Optima Produkter AS heidra med Nynorsk Næringslivspris frå Noregs Mållag.
Ingunn Bjørke frå Optima og Anders Riise, juryleiar og styremedlem i Noregs Målag.
Foto: Amanda Høysæter

Optima vidare – på lag med naturen

Magne, den oppfinnsame og jordnære veterinæren

Den vesle verksemda i garasjen til den oppfinnsame og jordnære veterinæren Magne Skjervheim har utvikla seg til ei solid familiebedrift, som arbeider aktivt med å gjera eksisterande produkt betre.

Merkevarebygging

I tillegg legg ein vinn på merkevarebygging og identitet. Logo, etikettar og flasker
er fornya, og fargekodar på etikettane gjer det lettare for kundane å skilja produkt-
kategoriane frå kvarandre. Produkta for folk er merka med svart, for dyr med grønt,
og reinhaldsprodukta har blå fargekode.
– Hovudmålet er få folk til å velja Optima når dei treng produkt til personleg hygi-
ene og reinhald, seier Bjørke.

Produkt for folk= svart
Produkt til reinhald= blå
Produkt for dyr = grøn

Foto: Fjord Moods Photography

Dei gode bakteriane

For å nå målet arbeider bedrifta kontinuerleg med å nå ut til folk med kunnskap om dei unike Optima-produkta, som tek vare på dei gode bakteriane. Tilbakemeldingane frå kundar motiverer til systematisk vidare arbeid med å utvikla nye produkt som spelar på lag med naturen – heile tida i Magne Skjervheim si ånd.

Magne deltek med Optima-produkta på torgdag i Norheimsund, mest truleg i 2008
Fotograf er Gunnar Sylliaas

Meir utfyllande stoff om Magne Skjervheim og arbeidet hans finn du i Norsk Veterinærhistorisk Selskap. ÅRBOK 2019. Red. Gudbrande Bakken. Lokalavisa for Etne og Vindafjord, Grannar, hadde òg ein artikkel om Magne Skjervheim i februar 1990.

fakta om MAGNE SKJERVHEIM

Fødd 6. mars 1942 på Oppheim på Vossestrand

Utanning: Russ ved Voss landsgymnas i 1961, flytta så til Oslo for å starta på Norges veterinærhøgskole, ferdig i 1966.

Veterinærpraksis: Vanleg veterinærpraksis på Voss, i Norheimsund, i Manger og i Olden, 4 år totalt.

Tilsett i Næringsmiddeltilsynet: Først i Molde, sidan i Etne, Ølen og Vindafjord. 20 år totalt.

Forskar: Tilsett ved Veterinærinstituttet i Bergen frå 1991 til han vart pensjonist i 2007.

Gründer: Etablerte Optima Produkter AS i 1997

Død: 19. august 2017 i Norheimsund