2015/07/09

Om Optima-pH produkter for gris

gris_optimaOptima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer.

Optima til gris, produkta som gjer kvardagen din som
grisebonde lettare

Vask med Optima kan redusera smittepresset

Mange som driv med gris i dag er sikkert for unge til å hugsa innføringa av maur-syre i fôr til gris frå 1985.
Motstanden var lenge stor i fagmiljøa, og mange smilte av begrepet normalflora. Det er det ingen som gjer lenger. Etter 2000 har det same prinsippet slått igjennom til utvortes bruk både hos folk og dyr.

Optima pH gel

er glidemidlet du bør bruka ved fødselshjelp
Dette produktet har heilt andre eigenskapar enn dei andre som finst. Det er brukt i mange buskapar med godt resultat, bl a av Sissel og Trond Mehus, som er heilt i toppen blant svineprodusentane.

gel_dyr_optima

Smittereduksjon

Vask fødebingen med Optima pH universalvask og bruk Optima pH organiske syrer etterpå. Vask purka med Optima pH hudvask for dyr ved overføring til fødebingen for å minska smittepresset mot spegrisene. Før og etter fødsel kan det løna seg å spraya rikeleg med Optima pH hudspray på vulva og jur/spenar. Du kan også spraya smågrishjørna med organiske syrer for å optimalisera miljøet/redusera smittepresset.

Til overflatesår-bogsår og sår på jur og spenar hos purke

Vask bogsåret med Optima pH hudvask for dyr hvis det er forurensa og påfør så rikeleg med Optima pH gel; helst 2 g pr dag. Start med gelen når du ser det første tegnet til unormal hud på den aktuelle plassen.

Andre bruksområde

Det er også brukt  spray ved reproduksjonsproblem. I slike tilfelle blir det spraya i og rundt vulva i dagane før inseminering.

Bli fornøgd:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som grisebonde lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610

2015/07/09

Om Optima-pH produkter til reinhald

organiske_syrer_universalvask2_optimaOptima pH til reinhald.
Universalvask og Organiske syrer pH 3,3.

 

Reinhald og hygiene med låg pH – for miljø og helse

Desse produkta er eit tilbod til dei miljøbevisste, og dei som ikkje vil utsetja seg sjølve for for helsemessig risiko ved bruk av sterke kjemikaliar

Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
Sjukdomsframkallande bakteriar trivst dårleg i nærvær av organiske syrer og ved pH-verdiar lågare enn 5.
Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH-verdiane er ca 4 over tid, særleg ikkje når pH-verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Les meir på vårt Faktaark om reinhald

Optimakonseptet

Sjukdomsframkallande bakteriar trivs dårleg ved pH lågare enn 5 og i nærvær av organiske syrer.
Senking av pH til 4 med utvalde organiske syrer har gjeve overbevisande resultat på hud; både hos folk og dyr.
Erfaringane frå dette området ligg til grunn for utviklinga av Optima reinhaldsprodukt.
Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH er ca 4 over tid, og særleg ikkje når denne pH verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Eddiksyra er ei av dei beste.

 

 

Til badestampar og treverk av alle slag

Universalvask og organiske syrer egnar seg godt til reingjering av badestampar av tre, og til treverk av alle slag. Dei vedlikeheld den låge pH verdie i treet og tek dermed vare på dei gode bakteriane. Vask med grønsåpe og andre alkaliske vaskemidlar vil heva pH verdien i treet, og øydelegga treets gode mikrobiologiske eigenskapar.

Eddik (04.10.11)

Eddik er brukt heilt frå førhistorisk tid til mange formål i mat og reingjering etc. I vår tid med stadig fleire tilbod om effektive reingjeringsmiddel har folk flest gløymt kor bra eddik er til slike formål. Av og til dukkar det likevel opp meldingar på internett, nå seinast med overskrifta: Vask huset med eddik;
http://www.abcnyheter.no/livet/110929/vask-huset-med-eddik
Her er mange tips om miljøvenleg reingjering.Kva har så dette med Optima å gjera?
Eddiksyra/eddik er eit viktig element i alle våre produkt og til reingjering har me dei to produkta Optima pH universalvask og Optima pH organiske syrer.

I KLINIKKEN, KENNELEN, FJØS, STALL ETC

Bruk Optima pH universalvask med pH 4 til vask av klinikken, kennelen, fjøs, stall, grisehus etc
Bruk Optima pH organiske syrer etterpå hvis du vil ha endå sikrare effekt og endå betre styring på miljøet.
Bruk Optima pH hudvask for dyr og hudspray for dyr/gel til vask og pleie av dyr.
Bruk Optima pH hudvask til handvask og Optima pH hudbalsam til vedlikehald av tørr hud. Les meir på vårt Faktaark.

Dei bakteriane som overlever denne metoden er av det gode slaget. Dette i motsetning til vask med alkaliske og pH nøytrale middel.
Det viktige er å halda eit vedvarande press mot den skadelege floraen. Viss ein gjennomfører dette prinsippet og elles tek omsyn til vanlege hygieniske prinsipp, vil risikoen for oppblomstring av problembakteriar på folk og dyr bli sterkt reduserte.
Optima pH universalvask er eit miljøvenleg og helsemessig godt alternativ til ”kraftvask”, grønsåpe og diverse andre alkaliske vaskemiddel. Kraftvask er ikkje godt for miljøet og er skadeleg for hud og lunger for den som utfører arbeidet.

KUNDEGRUPPER, OPTIMA REINHALD:

• Veterinærar
• Hesteoppdrett
• Hundeoppdrett
• Kennel
• Mjølkeprodusentar
• Gardsbruk med dyr
• Ysteri
• Andre småskalaprodusentar
• Næringsmiddelindustri, storkjøkken
• Kafe, restaurant
• Skular, barnehagar og helseinstitusjonar
• Generelt reinhald i hus og heim

2015/07/09

Om Optima pH produkter for sau

hudspray_hudvask_dyr_sau2_optimaDen første tida etter lamming blir det gjerne sår på spenar og munnskurv på lam. I begge tilfelle er det brukt Optima pH gel med svært gode resultat.

 

Optima til sau ved lamming og etterpå

Den første tida etter lamming blir det gjerne
sår på spenar og munnskurv på lam.

I begge tilfelle er det brukt Optima pH gel med svært gode resultat.
God hygiene ved fødsels-hjelp på sau er viktig.
Vask hender og området rundt vulva med Optima pH hudvask for dyr. Bruk så Optima pH gel.

Les meir om bruksområde på vårt faktaark for sau

Overflatesår på jur/spenar etc

Bruk Optima pH gel som «jur og spenesalve».

Lammebyte/ Lamme adopsjon

Hvis du under lamminga har lam til overs og veit eller har sterk mistanke om at ein sau kjem med 1 lam, kan du med Optima få denne til å overta eit overskytande lam.
Dag Laupsa-Borge som er sauebonde i Kvam i Hardanger har utvikla ein metode (Lammebyte_2012) som fungerer i så godt som alltid. Grunnane til dette er at hudvasken fjernar den «gamle» lukta av lammet, og hudsprayen smakar så godt at sauen slikkar det. Og då er det gjort! Sauen har akseptert lammet som sitt eige.

Ved mageproblem på lam

Får du så mange lam at du ikkje greier å plassera dei under andre sauer og må fôra dei med mjølk eller mjølkeerstatning kan du tilsetja ei blanding av Optima pH mageregulator og Optima pH organiske syrer for å unngå mage- og tarmproblem.

Munnskurv på lam

Optima blir brukt av mange med godt resultat ved munnskurv på lam. Alginat er gunstig for helingsprosessen, og dei organiske syrene senkar proteaseaktiviteten og styrer bakterieveksten bort frå problembakteriane. Bruk rikeleg med Optima pH gel 1-2 g dagleg.

gel_dyr_optima

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som sauebonde lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf. 56564610

2015/07/09

Om Optima-pH produkter for folk

shampo-balsam-hudvask-stor_optimaOptima pH for folk: Shampo, hudvask og hudbalsam.

Hudvask og hudpleie med låg pH – utan parabener!

Optimakonseptet er ein unik formel for hygiene og hudpleie. I vårt moderne samfunn er det utruleg mange som får redusert livskvalitet pga diverse hudplager.

Om samanhengen mellom hudplager og ph i hudpleie-produkter

For folk med hudplager er det viktig å forstå kvifor dei skal bruka hudpleieprodukter (såpe, sjampo, hudkrem etc) med låg pH.
Faktaark folk er ei rettleiing  om bruken av Optima

Her er eit par tilbakemeldingar:

“Jeg har nå prøvd produktene. Veldig bra! Jeg plages mye med tørr hud og sprekkdannelser på både hender og føtter om vinteren. I år har jeg nesten ikke hatt slike plager. Jeg har gitt noen prøver til et par venner – de ønsker seg mer!Jeg ser for meg mange anvendelsesområder. Jeg er fasinert av hvordan man kom fram til produktet. Det viser at god grunnkunnskap og kreativ tankegang kan gjøre mye (lege). ”

“Jeg har fått prøve produktene hos en venninne og er utrolig godt fornøyd med resultatet. Etter snart 50 år med hudproblemer, har jeg ikke opplevd maken til god bedring på kort tid, men jeg bor veldig langt unna utsalgsstedene og håper derfor jeg kan kjøpe dem direkte fra dere.”

OPTIMAKONSEPTET

• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.

shampo-balsam-hudvask_kvit-br

INNHALD I OPTIMA:

Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT er ein av dei viktigaste ingrediensane i alle Optimaprodukt. Det vert brukt som eit fortjukningsmiddel. ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner.  Optima er den einaste hudpleieserien som inneheld dette stoffet.

ORGANISKE SYRER: Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av
organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt.
Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.
I Optimaprodukta finst det ikkje parfyme, skadelege kjemikaliar eller miljøgifter.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.

NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

HMS datablad finn du under produktbeskrivelsen på det enkelte produkt.

2015/07/09

Om Optima pH produkter for geit

geit_optimaBruk av Optima kan redusera førekomsten av bakterien S.aureus ved geitehald.

 

Optima til geit ved kjeing og seinare

Geit er det husdyret der bakterien S.aureus er mest utbreidd.

Forutan i jur ved mastitt har ny forskning ved Veterinærinstituttet i Oslo vist at bakterien ofte finst i nase, vulva og på spenane. Og den finst alltid i tankmjølk. Heile miljøet er gjennominfisert. Smittepresset er stort.
Systematisk bruk av Optima spenevask og spenespray kan redusera dette smittepresset.

Optima pH gel

til bruk ved fødselshjelp, til overflatesår og som jur- og spenesalve.

Ved problem i mage/tarm

Prøv Optima pH mageregulator til enkeltdyr og ein kombinasjon av denne og Optima pH organiske syrer ved flokkproblem.

Munnskurv på kje

Optima blir brukt av mange med godt resultat ved munnskurv på kje. Alginat er gunstig for helingsprosessen, og dei organiske syrene senkar proteaseaktiviteten, og styrer bakterieveksten bort frå problembakteriane som seinkar helingsprosessen. Bruk rikeleg med Optima pH gel 1-2 g dagleg.

gel_dyr_optima

Bli fornøgd:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som geitebonde lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610

2015/07/09

Optima Produkter AS – om oss

Tilsette hjå Optima: Frå venstre: Ingunn Bjørke, Sidsel Irene Heltveit, Britt Johanne Flotve, Inger Berit Skjervheim, Asle Tjøstheim, Anita Aalvik

Optima Produkter AS er eit lite, familieeigd firma som produserer “produkter på lag med naturen”.
Hudvask og hudpleie til folk og dyr og produkter for vask og ”desinfeksjon” av rom og utstyr.

 

Veterinæren som utvikla Optimakonseptet

Arbeidet med det som seinare skulle bli ein suksesshistorie tok til i 1984 då veterinær Magne Skjervheim gjorde dei første forsøka med tilsetning av maursyre i fôr til gris.

 

optima-magne2-resized
FAKTA OM OPTIMA PRODUKTER AS
ETABLERT: 1997
HELD TIL: Norheimsund i Hardanger
ETABLERT AV: Veterinær Magne Skjervheim
TILSETTE: 6
PRODUKT: Optima pH hudpleieprodukter for
folk og dyr
Optima pH universalvask og
organiske syrer
ADRESSE: Gamle Dalaveg 86,
5600 Norheimsund.Tlf. 56 56 46 10
91 81 74 32 Ingunn
www.optima-ph.no
[email protected]
ÅPNINGSTID: Fabrikkutsalet er ope
tysdag og torsdag 10.00 -14.00
 

Veterinær Magne Skjervheim som står bak Optimaprodukta døydde 19. august 2017, 75 år gamal.

“Naturens kur mot hudplager”

Alle produkta er forankra i naturens mekanismar mot oppvekst av skadelege bakteriar og sopp. Overskrifta her er formulert av Bergens Tidende sin journalist i artikkel i sept 2013.

Produktutvikling og produksjon

I 1990 starta Magne Skjervheim arbeidet med å utvikla hudpleieprodukter; først for dyr, seinare også for folk. Optima Produkter AS vart stifta i 1997.
Etter denne tid er mange nye produkt komne i produksjon og det er gjort store forbetringar i “dei gamle”. Nesten kvar dag får me hyggelege tilbakemeldingar frå takknemlege kundar som har registrert at desse produkta har effekt på mange hudplager hjå folk og dyr.

Optimakonseptet – “Naturens kur mot hudplager” – utan parabener !

Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat.
Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling og forverring av hudplager.

 

 

Omsetningen stig!

2012 til 2015 har vore gode år for Optima. Omsetningen er nesten fordobla; nye produkt (hudbalsam, gel og intimvask) er utvikla og produksjons-kapasiteten er meir enn fordobla.
I løpet av sommaren 2014 vart fabrikken utvida slik at me kan effektivisera og veksa vidare.

2015/07/09

Optima-pH produkter for katt og smådyr

katt_optimaOptima kan hjelpa mot kløe hjå katt og andre smådyr.

 

Katt, marsvin og andre ”smådyr” kan også ha kløe og hudplager

Katt, marsvin og andre smådyr med kløe og hudplager kan og ha nytte av Optima-produkta. Men det er ikkje så mange i den kategorien som har «oppdaga» Optima enno.

Her er eit par tilbakemeldingar:

«Etter å ha prøvd en del av produktene jeg kjøpte fra dere må jeg bestille nytt med en gang! Jeg er bare så utrolig fornøyd med alle disse produktene at jeg allerede har rådet fleire til å bestille dem! Jeg er evig takknemlig for at min veterinær nevnte sprayen for meg! Mvh og takk for supre produkter»

Veterinær: «Jeg hadde en kunde innom med to marsvin som klødde voldsomt. Begge hadde fortykket, skjellete hud med mye flass og håravfall. Vi antok midd var problemet og behandlet med dectomax injeksjon. Men det som “gjorde susen” var optima ph spray – 4 dager – og helt normal hud igjen! Eieren ble så begeistret at hun lurte på om optima kunne løse hennes egne psoriasis-problemer. Jeg hadde noen små prøveflasker stående fra siste forsendelse, og damen ble så fornøyd etter kort tids bruk at hun nå ønsker seg optima ph hudpleie pluss.»

gel_dyr_optima

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som  dyreeigar lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610