2016/07/25

Om Optima-pH produkter for hest

hudvask_dyr_hest_optimaOptima pH Gel og Optima pH hudvask for dyr er viktig for at sår skal gro. Optimaprodukta sikrar låg pH og held bakterieveksten på eit optimalt nivå.

Hest med kløe og andre hudplager

Hest med kløe og hudplager kan ha god nytte av Optima.
Bruk Optima pH hudvask for dyr og hudspray for dyr ved kløe og andre hudplager.

Optima pH gel

er produktet ein brukar til overflatesår, ”mugg” etc.
Det er ei kjent sak at det er vanskeleg å få sår til å gro på hest. Det er derfor viktig  å senka pH over tid. Dette oppnår ein med Optima som sikrar låg pH og held bakterieveksten på eit optimalt nivå.

Ved ”Sur Stråle”

Vask først med Optima pH hudvask for dyr. Deretter kan du bruka Optima pH hudspray for dyr eller Optima pH organiske syrer.

Sjå bruksområde på vårt faktaark for hest

gel_dyr_optima

Her er nokre tilbakemeldingar:

“Først må jeg få si at jeg er kjempefornøyd med produktene deres. De har hjulpet både meg selv med hud og mageplager, og hestene med hovplager. Vi har fått et nytt liv etter at vi startet med optima.”

“Sjølv har eg ein unghingst som eg må bruke optima på for å halde ein klø-uvane i sjakk, medan ei hoppe på stallen min også blir spraya jamnt med optima fordi ho held på å ødelegge mana si. Begge desse er mine personlege “optima-representantar” – eg anbefalar produktet til alle eg kjem over som har hestar med klø-problem”.

“Må bare si at den hudsprayen er helt rå på alt fra sure heste-høver til hunder som har fått myggestikk.”

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som
hesteeigar lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610

2015/07/09

Optima-pH produkter for dyr

smadyr_antibiotikaplakatUtspel om redusert antibiotikabruk frå Veterinærinstituttet, Norges Veterinærhøgskule, Den Norske Veterinærforening og Mattilsynet. (Klikk for større bilete)

Overdriven bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen

Naturen slår tilbake, bl a i form av resistente bakteriar. Derfor er det viktig at forbruket av antibiotika og desinfeksjon blir redusert.

Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
I vår moderne tid har mange gløymt denne samanhengen som er så viktig for helse og trivsel hos folk og dyr. Legg ein til rette for dei gode bakteriane vil ein unngå mange plager.

OPTIMAKONSEPTET

• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette. Sjampoar med høg pH fjernar feitt frå hud og pels. Det gjer ikkje vår hudvask for dyr.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen vert lite påverka.

INNHALD I OPTIMA:

Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Absorberer sårsekretet og stimulerer det uspesifikke immunforsvaret.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine positive effektar på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane.

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

Produkt til folk:

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.
NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HMS datablad finn du under produktbeskrivelsen på det enkelte produkt.

2015/07/09

Optima-pH produkter for hund

Optima Ph Gel og øyrerens er eit godt produkt for hunden, spesielt i lag med Optima pH hundeshampo/hudvask.

Hund med kløe og andre hudplager?

For deg som hundeeigar er den firbeintes vé og vel ein viktig del av livskvaliteten.
Slik er det også for oss i “Optima-familien”.

ladyLady er maskoten vår og helsar vennleg på alle som kjem på besøk (for å kjøpa Optima). Mange legg merke til at pelsen hennar er ekstra mjuk og glansfull, og får til svar at sjølvsagt så blir ho vaska med Optima. Heldigvis så har ho ingen hudplager. Det er det mange andre hundar som har.

Om samanhengen mellom hudplager og pH
i hundeshampo og balsam

Hundens hud har pH ca 7,5. Det er ein viktig grunn til at mange hundar er disponerte for hudplager. Bruk av hundeshampo og balsam med pH på dette nivået og høgare forsterkar sjansane for at hudplager skal oppstå. Her finn du grunnane til at du skal bruka hundeshampo (hudvask for dyr) og hudspray for dyr med pH 4.

Optima pH gel er nytt produkt til overflatesår etc
Les meir om bruksområde på vårt faktaark for hund

Vår hundeshampo heiter Optima pH hudvask for dyr, sidan den kan brukast til alle dyr!

Berit frå Sandane skriv dette til oss: Hunden Zipp frå Sandane er nå blitt 9 år. Etter 6 år med hudplager og 3 år med Optima utan hudplager, skriv Berit frå denne artikkelen slik i årets julehelsing:”Som før sagt har jeg ny tidsrekning: Før og etter Optima. Og de som så han før, tror det er en ny hund”

Her er eit par andre tilbakemeldingar:

“Har en Eurasier på snart 3 år som fikk påvist allergi i febr. 2010. Han klødde seg til blods og gnagde på beina sine både natt og dag. Var også veldig plaga med skurv i huden og mye flass i pelsen. Har vaksinert han 1 gang pr. mnd siden febr. 2010 og når det var på sitt verste måtte vi bruke kortisontabletter for å roe kløen. Inntil for 3 mnd. siden da vi blei tipsa om optima-ph hudvask og hudspray. Etter 3-4 vask merka vi stor forskjell og pr. i dag er kløen borte og Chiko som han heter har fått en mye bedre hverdag. Har heller ikke brukt medisiner disse 3 mnd. og det fungerer helt bra.
Så tusen hjertelig takk for et kjempeflott produkt. Har anbefalt det til flere med samme problem og de er like fornøyd som oss!!!!

”Forøvrig vil jeg si at produktene er helt utrolig på hunden min, hun har allergi utslett og er blitt mye mye bedre”.

Bli fornøgd eller pengane tilbake:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som
hundeeigar lettare.

2015/07/09

Om Optima pH produkter for storfe

spenevask_kyr_storfe_seter_optimaOptima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. 

Jurhelse hos storfe

Optima ph spenespray har vist sikker effekt på jurhelsa.
Mastitt er den sjukdommen mjølkeprodusentar over heile verda taper mest på.

Produktevaluering

Mange tiltak er prøvd, ofte med variable og skuffande resultat. Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. Det har gitt resultater. Seinare er spenesprayen vidareutvikla i fleire omgangar og er pr i dag betre enn nokosinne.

Optima pH gel

er nytt produkt til glidemiddel ved fødselshjelp, overflatesår (hasesår etc) og som ”spenesalve”.
Til alle desse formåla har dette produktet heilt andre eigenskapar enn dei som finst i dag.

gel_dyr_optima

Klauvsjukdomar

I store buskapar med lausdrift er klauvsjukdomar blitt eit stort problem. Optima pH organiske syrer er brukt i fotbad med svært gode resultat i fleire buskapar.
Ta gjerne kontakt for utfyllande informasjon: [email protected].

Kalv

I store buskapar i lausdrift er det høgt smittepress. Det gjev seg bl a utslag i mage-/tarmplager på kalvane. I fleire tilfelle har det hjelpt å bruka ei blanding av Optima pH mageregulator og Optima pH organiske syrer i mjølka.

Bli fornøgd:

Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.

Optima er produkta som gjer kvardagen din som mjølkeprodusent lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610