Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer.
Jurhelse hos storfe
Optima ph spenespray har vist sikker effekt på jurhelsa.
Mastitt er den sjukdommen mjølkeprodusentar over heile verda taper mest på.
Produktevaluering
Mange tiltak er prøvd, ofte med variable og skuffande resultat. Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. Det har gitt resultater. Seinare er spenesprayen vidareutvikla i fleire omgangar og er pr i dag betre enn nokosinne.
Optima pH gel
er nytt produkt til glidemiddel ved fødselshjelp, overflatesår (hasesår etc) og som ”spenesalve”.
Til alle desse formåla har dette produktet heilt andre eigenskapar enn dei som finst i dag.
Klauvsjukdomar
I store buskapar med lausdrift er klauvsjukdomar blitt eit stort problem. Optima pH organiske syrer er brukt i fotbad med svært gode resultat i fleire buskapar.
Ta gjerne kontakt for utfyllande informasjon: [email protected].
Kalv
I store buskapar i lausdrift er det høgt smittepress. Det gjev seg bl a utslag i mage-/tarmplager på kalvane. I fleire tilfelle har det hjelpt å bruka ei blanding av Optima pH mageregulator og Optima pH organiske syrer i mjølka.
Bli fornøgd:
Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.
Optima er produkta som gjer kvardagen din som mjølkeprodusent lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610
Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer.
Optima til gris, produkta som gjer kvardagen din som
grisebonde lettare
Vask med Optima kan redusera smittepresset
Mange som driv med gris i dag er sikkert for unge til å hugsa innføringa av maur-syre i fôr til gris frå 1985.
Motstanden var lenge stor i fagmiljøa, og mange smilte av begrepet normalflora. Det er det ingen som gjer lenger. Etter 2000 har det same prinsippet slått igjennom til utvortes bruk både hos folk og dyr.
Optima pH gel
er glidemidlet du bør bruka ved fødselshjelp
Dette produktet har heilt andre eigenskapar enn dei andre som finst. Det er brukt i mange buskapar med godt resultat, bl a av Sissel og Trond Mehus, som er heilt i toppen blant svineprodusentane.
Smittereduksjon
Vask fødebingen med Optima pH universalvask og bruk Optima pH organiske syrer etterpå. Vask purka med Optima pH hudvask for dyr ved overføring til fødebingen for å minska smittepresset mot spegrisene. Før og etter fødsel kan det løna seg å spraya rikeleg med Optima pH hudspray på vulva og jur/spenar. Du kan også spraya smågrishjørna med organiske syrer for å optimalisera miljøet/redusera smittepresset.
Til overflatesår-bogsår og sår på jur og spenar hos purke
Vask bogsåret med Optima pH hudvask for dyr hvis det er forurensa og påfør så rikeleg med Optima pH gel; helst 2 g pr dag. Start med gelen når du ser det første tegnet til unormal hud på den aktuelle plassen.
Andre bruksområde
Det er også brukt spray ved reproduksjonsproblem. I slike tilfelle blir det spraya i og rundt vulva i dagane før inseminering.
Bli fornøgd:
Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.
Optima er produkta som gjer kvardagen din som grisebonde lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610
Optima pH til reinhald Universalvask pH 4 og Organiske syrer pH 3,6.
Reinhald og hygiene med låg pH – for miljø og helse
Desse produkta er eit tilbod til dei miljøbevisste, og dei som ikkje vil utsetja seg sjølve for for helsemessig risiko ved bruk av sterke kjemikaliar
Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
Sjukdomsframkallande bakteriar trivst dårleg i nærvær av organiske syrer og ved pH-verdiar lågare enn 5.
Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH-verdiane er ca 4 over tid, særleg ikkje når pH-verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Les meir på vårt Faktaark om reinhald
Optimakonseptet
Sjukdomsframkallande bakteriar trivst dårleg ved pH lågare enn 5 og i nærvær av organiske syrer.
Senking av pH til 4 med utvalde organiske syrer har gjeve overbevisande resultat på hud; både hos folk og dyr.
Erfaringane frå dette området ligg til grunn for utviklinga av Optima reinhaldsprodukt.
Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH er ca 4 over tid, og særleg ikkje når denne pH verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Eddiksyra er ei av dei beste.
Eddik
Eddik er brukt heilt frå førhistorisk tid til mange formål i mat og reingjering etc. I vår tid med stadig fleire tilbod om effektive reingjeringsmiddel har folk flest gløymt kor bra eddik er til slike formål. Av og til dukkar det likevel opp meldingar på internett med overskrifta: Vask huset med eddik; td. http://www.abcnyheter.no/livet/110929/vask-huset-med-eddik
Her er mange tips om miljøvenleg reingjering. Kva har så dette med Optima å gjera?
Eddiksyra/eddik er eit viktig element i alle våre produkt og til reingjering har me dei to produkta Optima pH universalvask og Optima pH organiske syrer.
Dei bakteriane som overlever denne metoden er av det gode slaget. Dette i motsetning til vask med alkaliske og pH nøytrale middel.
Det viktige er å halda eit vedvarande press mot den skadelege floraen. Viss ein gjennomfører dette prinsippet og elles tek omsyn til vanlege hygieniske prinsipp, vil risikoen for oppblomstring av problembakteriar på folk og dyr bli sterkt reduserte.
Optima pH universalvask er eit miljøvenleg og helsemessig godt alternativ til ”kraftvask”, grønsåpe og diverse andre alkaliske vaskemiddel. Kraftvask er ikkje godt for miljøet og er skadeleg for hud og lunger for den som utfører arbeidet.
Til treverk av alle slag
Universalvask og organiske syrer egnar seg godt til reingjering av treverk av alle slag, alt i frå skjærefjøler til badestampar. Dei vedlikeheld den låge pH verdien i treet og tek dermed vare på dei gode bakteriane. Vask med grønsåpe og andre alkaliske vaskemidlar vil heva pH verdien i treet, og øydelegga treets gode mikrobiologiske eigenskapar.
BRUKSOMRÅDE I NÆRING:
• Produksjonslokaler og næringsmiddelindustri
• Skular, barnehagar og helseinstitusjonar
• Veterinærklinikkar
• Kennel og hundeoppdrett
• Stall og hesteoppdrett
• Mjølkeprodusentar
• Fjøs og gardsbruk med dyr
• Ysteri
• Kafe, restaurant
• Kontorlokale
BRUKSOMRÅDE I HUS OG HEIM:
• Oppvask, bløytlegging av fastbrende restar
• Smittereduksjon på dørhandtak
• Avfallsbøtta, fjerna vond lukt
• Andre område som treng ekstra sikring mot problembakteriar og sopp
• Golv og overflater
• Vindauga vert ekstra blanke med litt universalvask
• Stellebord, bad, toalett, slukar
• Hagemøblar, terrasse, kledning
Den første tida etter lamming blir det gjerne sår på spenar og munnskurv på lam. I begge tilfelle er det brukt Optima pH gel med svært gode resultat.
Optima til sau ved lamming og etterpå
Den første tida etter lamming blir det gjerne
sår på spenar og munnskurv på lam.
I begge tilfelle er det brukt Optima pH gel med svært gode resultat.
God hygiene ved fødsels-hjelp på sau er viktig.
Vask hender og området rundt vulva med Optima pH hudvask for dyr. Bruk så Optima pH gel.
Hvis du under lamminga har lam til overs og veit eller har sterk mistanke om at ein sau kjem med 1 lam, kan du med Optima få denne til å overta eit overskytande lam.
Dag Laupsa-Borge som er sauebonde i Kvam i Hardanger har utvikla ein metode (Lammebyte_2012) som fungerer i så godt som alltid. Grunnane til dette er at hudvasken fjernar den «gamle» lukta av lammet, og hudsprayen smakar så godt at sauen slikkar det. Og då er det gjort! Sauen har akseptert lammet som sitt eige.
Ved mageproblem på lam
Får du så mange lam at du ikkje greier å plassera dei under andre sauer og må fôra dei med mjølk eller mjølkeerstatning kan du tilsetja ei blanding av Optima pH mageregulator og Optima pH organiske syrer for å unngå mage- og tarmproblem.
Munnskurv på lam
Optima blir brukt av mange med godt resultat ved munnskurv på lam. Alginat er gunstig for helingsprosessen, og dei organiske syrene senkar proteaseaktiviteten og styrer bakterieveksten bort frå problembakteriane. Bruk rikeleg med Optima pH gel 1-2 g dagleg.
Bli fornøgd eller pengane tilbake:
Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.
Optima er produkta som gjer kvardagen din som sauebonde lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf. 56564610
Hudvask og hudpleie med låg pH – pH4 bevarer den gode og normale bakterieflora og gjev hud i balanse
“Naturen skal kun hjelpes for at dens egen kraft skal virke”-Hippokrates-
Optima spelar på lag med naturen og vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Det gjer me ved at me tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Låg pH (pH4) og bruk av organiske syrer styrer bakterieveksten bort frå skadelege bakteriar og sopp, samtidig som ein tek vare på dei gode bakteriane. Då hjelper me huda til å hjelpe seg sjølv, og me får me ei hud i balanse.
OPTIMAKONSEPTET
• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.
• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.
• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.
Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.
INNHALD I OPTIMA:
Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.
ALGINAT er ein av dei viktigaste ingrediensane i alle Optimaprodukt. Det vert brukt som eit fortjukningsmiddel. ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Optima er den einaste hudpleieserien som inneheld dette stoffet.
ORGANISKE SYRER: Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av
organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt.
Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.
I Optimaprodukta finst det ikkje parfyme, skadelege kjemikaliar eller miljøgifter.
GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.
Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.
NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!
HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.
Optimakonseptet er ein unik formel for hygiene og hudpleie. I vårt moderne samfunn er det utruleg mange som får redusert livskvalitet pga diverse hudplager.
For folk med hudplager er det viktig å forstå kvifor dei skal bruka hudpleieprodukter (såpe, sjampo, hudkrem etc) med låg pH. Optima pH4 hjelper huda til å ta vare på seg sjølv ved å ta vare på hudas syrlege miljø og normalflora. Hud og slimhinner er vårt første vern mot skadelege bakteriar. Optima pH4 tek vare på dei gode bakteriane.
Bli fornøgd eller pengane tilbake:
Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.
Bruk av Optima kan redusera førekomsten av bakterien S.aureus ved geitehald.
Optima til geit ved kjeing og seinare
Geit er det husdyret der bakterien S.aureus er mest utbreidd.
Forutan i jur ved mastitt har ny forskning ved Veterinærinstituttet i Oslo vist at bakterien ofte finst i nase, vulva og på spenane. Og den finst alltid i tankmjølk. Heile miljøet er gjennominfisert. Smittepresset er stort.
Systematisk bruk av Optima spenevask og spenespray kan redusera dette smittepresset.
Optima pH gel
til bruk ved fødselshjelp, til overflatesår og som jur- og spenesalve.
Ved problem i mage/tarm
Prøv Optima pH mageregulator til enkeltdyr og ein kombinasjon av denne og Optima pH organiske syrer ved flokkproblem.
Munnskurv på kje
Optima blir brukt av mange med godt resultat ved munnskurv på kje. Alginat er gunstig for helingsprosessen, og dei organiske syrene senkar proteaseaktiviteten, og styrer bakterieveksten bort frå problembakteriane som seinkar helingsprosessen. Bruk rikeleg med Optima pH gel 1-2 g dagleg.
Bli fornøgd:
Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.
Optima er produkta som gjer kvardagen din som geitebonde lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610
Optima Produkter AS er eit lite, familieeigd firma som produserer “produkter på lag med naturen”. Hudvask og hudpleie til folk og dyr og produkter for vask og ”desinfeksjon” av rom og utstyr.
Veterinæren som utvikla Optimakonseptet
Arbeidet med det som seinare skulle bli ein suksesshistorie tok til i 1984 då veterinær Magne Skjervheim gjorde dei første forsøka med tilsetning av maursyre i fôr til gris.
FAKTA OM OPTIMA PRODUKTER AS
ETABLERT:
1997
HELD TIL:
Norheimsund i Hardanger
ETABLERT AV:
Veterinær Magne Skjervheim
TILSETTE:
6
PRODUKT:
Optima pH hudpleieprodukter for folk og dyr Optima pH universalvask og organiske syrer
Fabrikkutsalet er ope tysdag og torsdag 09.00 -15.00
Veterinær Magne Skjervheim som står bak Optimaprodukta døydde 19. august 2017, 75 år gamal.
“Naturens kur mot hudplager”
Alle produkta er forankra i naturens mekanismar mot oppvekst av skadelege bakteriar og sopp. Overskrifta her er formulert av Bergens Tidende sin journalist i artikkel i sept 2013.
Produktutvikling og produksjon
I 1990 starta Magne Skjervheim arbeidet med å utvikla hudpleieprodukter; først for dyr, seinare også for folk. Optima Produkter AS vart stifta i 1997. Etter denne tid er mange nye produkt komne i produksjon og det er gjort store forbetringar i “dei gamle”. Nesten kvar dag får me hyggelege tilbakemeldingar frå takknemlege kundar som har registrert at desse produkta har effekt på mange hudplager hjå folk og dyr.
Optimakonseptet – “Naturens kur mot hudplager” – utan parabener !
Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat. Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling og forverring av hudplager.
Optima Produkter AS – stifta av gründer og veterinær Magne Skjervheim
I 1997 stifta veterinær Magne Skjervheim Optima Produkter AS. Han etablerte produksjonslokale i den private garasjen sin i Norheimsund, og her eksperimenterte han seg fram til effektive reinhalds- og hudpleieprodukt for menneske og dyr.
Forfattar: Randi Jåstad 07.01.24
Gründer i garasjen
Skjervheim sine erfaringar etter ei heilt spesiell “grise” historie vart utgangspunktet for Optima-produkta slik me kjenner dei i dag.
Bak forretningsidéen til Skjervheim ligg ei spesiell historie frå 1980-talet då Skjervheim var tilsett i Næringsmiddeltilsynet i Etne, Vindafjord og Ølen. På slakteriet i Ølen kom det i 1984 inn griser som det lukta fisk av.
Det viste seg at ein fiskar i Austevoll, som hadde fått meir fisk enn han kunne verta av med, hadde male opp fisken, tilsett maursyre som konserveringsmiddel og selt blandinga som grisefôr. Då grisene kom til slakteriet i Ølen, lukta og smakte dei fisk, og Skjervheim måtte stoppa heile slakteprosessen.
Grisene som fekk fiskefòr vaks fort og heldt seg friske
For å finna ut kva som hadde skjedd tok Skjervheim kontakt med grisebonden, som kunne fortelja at grisene som fekk fiskefôr, hadde vakse fort og halde seg friske utan antibiotika. På denne tida var det vanleg å tilsetja antibiotika i grisefôret for å unngå at dyra fekk diaré.
Forsking og innovasjon
Magne har ein teori om maursyre og bakteriar
Dette vekte forskartrong hjå den vitelystne Skjervheim, som i arbeidet sitt som dyrlege hadde vorte interessert i økologi og samspelet mellom bakteriar og sjukdom hjå dyr. Han hadde ein teori om at det var maursyra i fôret som hadde teke vare på magane til grisene som lukta fisk. Difor byrja han eksperimentera med å tilsetja maursyre i ulike fôrtypar. Han meinte syra hadde eigenskapar som tok knekken på sjukdomsframkallande bakteriar.
Organiske syrer i fôret – eit alternativ til antibiotika?
Føremålet med forsøka var først og fremst å redusera den omfattande bruken av antibiotika som fanst i husdyrhaldet i Noreg og prøva seg fram til fôr som kunne halda griser friske. Grisebønder i Sandeid sa seg villige til å vera med på eit forsøk med dette nye fôret, og resultata viste at organiske syrer var det beste reelle alternativet til antibiotika. Slik var Skjervheim innovativ og forut for si tid når det gjaldt antibiotika og resistente bakteriar.
Forbudt hundefôr gav ny kunnskap
Skjervheim hadde òg fått patent på eit hundefôr basert på rått slakteavfall og maursyre, men dette produktet måtte han slutta med då styresmaktene forbaud å bruka slakteavfall til fôr. Likevel, gjennom arbeidet med hundefôret hadde Skjervheim samla seg røynsler som skulle koma vel med seinare. Med ny kunnskap arbeidde han vidare med å dokumentera kva effekt ulike syrer hadde på bakteriar og konkluderte med at organiske syrer førte til låg pH og hadde god effekt på slimhinner og hud.
Mange i forskingsmiljøa var skeptiske til resultata til Skjervheim, men han hadde stort pågangsmot og arbeidde systematisk vidare med ulike kombinasjonar av syrer i forskjellige produkt.
Gode og dårlege bakteriar
pH-verdiar kan ha innverknad på bakteriane
Vidare arbeidde Skjervheim etter det økologiske prinsippet om at syrer stimulerer og tek vare på dei gode bakteriane i den naturlege bakteriefloraen, medan sjukdomsframkallande bakteriar ikkje likar syrer. Dei trivest best ved pH over på den basiske sida, det vil seia pH7 og oppover. I den normale bakteriefloraen på hud, slimhinner og i tarmane finst bakteriar som spaltar mellom anna talg og gjev med det frie organiske syrer. Dette resulterer i at huda har ein pH på om lag 5.5, og det som vert kalla den beskyttande syrekappa til kroppen, vert danna. Ved så låg pH vil òg dei sjukdomsframkallande bakteriane verta hindra i å dominera.
Produkt til folk, dyr og reinhald
Med denne kunnskapen i botnen utvikla han litt etter litt ulike produkt til folk, dyr og reinhald. Optima-produkta byggjer på kombinasjonen av fleire organiske syrer, som kvar for seg og saman motverkar uynskte bakteriar og sopp. Samtidig gjev desse produkta pH på under 5, som vil stimulera dei rette bakteriane slik at dei får overtaket på hud, i slimhinner og i tarm.
Prøving og feiling
Maursyre vart i sterkaste laget
Alt før Skjervheim og kona flytta til Norheimsund i 1995, hadde han funne ut at maursyre vart i sterkaste laget, og gjekk difor over til å bruka eddiksyre. I tillegg nytta han tre andre organiske syrer som ein òg kan finna i sitron, tytebær, molter og andre planter. Desse organiske syrene senkar pH-verdien og skaper eit miljø som favoriserer den normale bakteriefloraen hjå folk og dyr.
Testing for Tine-meieri
I 1994 var ein spenespray klar til testing hjå mjølkeprodusentar for Tine-meieriet i Førde, og tilbakemeldingane var så gode at Skjervheim gjekk vidare med planane om å laga spenespray som salsprodukt.
Garasjen vert for liten, fleire hender trengst
I den 60 m2 store garasjen sin fekk gründeren installert brukte mjølketankar, som han kjøpte frå Vestlandsmeieriet. Dei første åra var prega av prøving og feiling, men det losna etter kvart, og garasjen vart for liten. Skjervheim leigde seg inn i eit større lokale på Sandven i Norheimsund, hyrte inn familiemedlem Ingunn Bjørke, som var utdanna næringsmiddelteknolog og hadde bakgrunn frå meieribransjen, til å hjelpa til.
Campingvogn som pauserom
– Det var nokså nøktern standard dei første åra, seier Bjørke. – Me hadde ikkje toalettfasilitetar i lokala og måtte investera i ei gammal campingvogn til pauserom. Skjervheim hadde jobb på Veterinærinstituttet i Bergen medan Optima Produkter AS stegvis utvikla seg frå hobby til arbeidsplass. Bedriftsnamnet Optima refererer til den optimale pH-en hjå folk og dyr.
Optima kjem på marknaden
I 1997 var spenespray for kyr det første produktet som vart sendt ut på marknaden, og Skjervheim fekk utført kontinuerleg utprøving og dokumentasjon av bakteriekontroll ved hjelp av spenesprayen på laboratoriet ved Veterinærinstituttet i Bergen. Han skaffa seg kontakt med nokre få seljarar innan marknadssegmentet husdyrproduksjon, og i tillegg tok Vestlandsmeieriet imot produktet og formidla det vidare til forhandlarane sine.
Jungeltelegrafen
Dei gode røynslene bøndene fekk med spenesprayen, vart formidla frå gard til gard. Somme fann òg ut at huda på hendene vart mjuke og gode når dei brukte spenesprayen. Ein bonde på Jæren hadde så store plager med såre hender at han hadde vurdert å gje opp gardsdrift med husdyr. Etter at han hadde brukt spenesprayen 2-3 månader, var hendene problemfrie. Slike historier vart det mange av, og gode tilbakemeldingar inspirerte Skjervheim til å utvikla nye produkt.
Hudpleie til menneske, ikkje berre dyr?
Skjervheim arbeidde vidare med å dokumentera effekt av ulike organiske syrer på mange aktuelle bakteriar. Etter kvart skaffa han seg grunnlag for å utvikla hudpleieprodukt ikkje berre til dyr, men òg til menneske, og i 2002 vart det første hudpleieproduktet for menneske lansert.
Forskarar vert nyfikne
Innovasjon Norge løyver pengar
Rundt år 2000 byrja folk i forskingsmiljøa leggja merke til arbeidet til Skjervheim, og forskarar ved Veterinærhøgskulen inviterte han med på forskingsprogrammet «Økologisk infeksjonskontroll og uspesifikk immunitet».
Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Veterinærinstituttet, Prior, Tine og andre.
Forskingsresultata stadfesta at organiske syrer hadde positiv effekt på den normale bakteriefloraen i hud og tarm hjå dyr. Resultata førte til at Innovasjon Norge løyvde pengar til ulike pilotprosjekt.
Seg sjølv som prøvekanin
Nyttårsaftan 1999 fekk Skjervheim eit stort brannsår på armen frå ein brennande fakkel, og brannsåret vart utgangspunktet for nye forsøk. Han brukte vanleg brannsalve på halve såret og spenespray på resten.
Fleire gongar for dagen smurde han inn såret, samtidig som han dyrka bakteriar frå såret på Veterinærinstituttet i Bergen. Det viste seg at den delen som hadde vorte smurd inn med spenespray, grodde dobbelt så fort som den andre halvdelen. Resultatet frå brannsåret vart startskotet for utvikling av produkt til folk.
Fotbad og klauvhelse
Kyr som går i lausdriftsfjøs, har lett for å få problem med klauvene på grunn av bakteriar på golvet. I 2013 – 2014 gjennomførte Optima Produkter, i samarbeid med klauvskjerarar, forsøk med fotbad for kyrne etter klauvskjering. Røynslene frå to buskapar i Kvam og Jondal som brukte fotbad med organiske syrer, viser at denne behandlinga har positiv effekt på klauvhelsa.
Hudinfeksjonar hjå hund
Studien «Økologisk infeksjonskontroll. Alternativ behandling av pyodermier hos hund» vart gjennomført på dyreklinikken på Stend i 2016. Føremålet var å finna ut om det å senka pH-en med Optima hudpleiemiddel kunne gje like god effekt som behandling med antibiotika ved hudbetennelsar framkalla av bakteriar.
Ein konkluderte med at ein ikkje fann signifikante skilnader i klinisk betring eller bakterieflora etter fire vekers behandlingstid mellom dei to behandlingsformene, men at Optima pH hudspray for hund virka like godt som antibiotika ved fleire tilfelle. Forsøksrapporten seier at forsøket skaffa nyttig kunnskap for vidare arbeid med å få ned bruken av antibiotika.
Optima pH hudbalsam i kroniske sår
Med økonomisk støtte frå Innovasjon Norge vart det i 2016 gjennomført ein studie på overflatesår på sårpoliklinikken ved Stord sjukehus. Ein ville testa om bruk av Optima pH hudbalsam hadde god effekt på sårbakteriar, til dømes stafylokokkar.
Testresultat frå Stord Sjukehus
Resultata viste at bakteriemengda i sår vart redusert ved bruk av Optima pH hudbalsam, men resultatet kunne ha vore betre dersom ein hadde påført hudbalsam i såret hyppigare enn kvar tredje dag, slik det vart gjort i studien. Optima si anbefaling er ein gong per dag. Sårpoliklinikken slo seinare fast at ved sein tilheling, auka bakteriell belastning og auka luktproduksjon er Optima svært aktuell.
Produktutvikling
I tillegg til å bruka syrer prøvde Skjervheim seg fram med alginat frå tang og tare og tilsette glyserol som fuktbevarande middel. Alle ingrediensane i hudpleieprodukta er godkjende til bruk i mat. I såpene brukar ein såpestoffet tensid, som vert lett nedbrote i naturen. I staden for parfyme nyttar ein aroma.
Innkjøpsavtale med Helse Vest
Optima-produkta er ikkje katalogiserte som legemiddel, men det finst dokumentasjon på at dei har god effekt på sår- og hudproblem. Helse Vest har i dag innkjøpsavtale på sårprodukt med Optima Produkter AS.
Optima til folk, dyr og reinhald
I dag kan bedrifta tilby ni ulike produkt for folk og åtte for dyr. I tillegg kjem ulike reinhaldsprodukt. Produktutvikling skjer kontinuerleg, basert på ny forsking, røynslene frå universitets- og sjukehusmiljø og ulike kundegrupper. Store ord og glitrande reklameplakatar er ikkje Optima sin stil. Ein har enkelt og greitt valt å gje produkta namn etter kva dei skal brukast til, slik som hudvask, hudbalsam, sjampo, intimvask osv.
Foto: Fjord Moods Photography
Marknadsføring og sal
500 forhandlarar over heile landet og eigen nettbutikk
I dag har Optima Produkter AS avtalar med nesten 500 ulike forhandlarar i heile landet. Mellom anna er Felleskjøpet og Bondekompaniet trufaste kundar, og fotterapeutar både brukar og sel Optima-produkt.
Somme apotek, dyreklinikkar, dyrebutikkar, veterinærar, landbruksrelaterte butikkar og grossistar har teke Optima-produkt inn i vareutvalet sitt. I tillegg har bedrifta eigen nettbutikk, som sender varer innan- og utanlands.
Administrasjonen er òg aktiv på sosiale medium, deltek på messer og held foredrag rundt om i landet.
– Kundane gjev oss verdfulle tilbakemeldingar, som me brukar når me evaluerer og vidareutviklar produkta våre, seier Bjørke. Mange kundar har gjerne brukt ulike typar legemiddel før dei får kjennskap til Optima. Folk med psoriasis, eksem eller atopisk eksem har ofte prøvt mange ulike kurar før dei til slutt vert hjelpne med Optima-produkt.
Optima hudbalsam er populær
Diabetikarar har høgare pH i huda og høgare smerteterskel enn andre. Tilbakemeldingar frå denne kundegruppa fortel om god effekt av Optima hudbalsam på sårheling. Ungdom som er plaga av kviser, toler ikkje alltid kosmetiske, parfymerte produkt, men vert kvitt plagene sine med Optima-produkt. Reinhaldarar, som gjerne plagast med turr hud på hendene, skryter av universalvasken til Optima. Til og med vindauge er lette å få skinande med reinhaldsprodukta til Optima, seier dei.
Glade dyreeigarar
Dyreeigarar melder om at Optima hudvask, hudspray og gel verkar betre på såre hundepotar enn Bacimycin og potesokkar. Sameleis fortel folk at for hundar som er plaga av kløe, har Optima-produkt hatt betre effekt enn grønsåpe og kortisonspray. Marsvin har vorte kurerte for flass og håravfall ved hjelp av Optima-produkt. Jungeltelegrafen fungerer framleis og er ein viktig føresetnad for sal og marknadsføringsarbeidet til bedrifta.
Med større vareutval trong verksemda meir plass. I 2007 flytta bedrifta inn i eigne nybygde, romslege fabrikklokale i Sandvenhagen industriområde i Norheimsund, og i 2023 vart desse lokala utvida med 400 m2 til totalt om lag 1000 m2. I tillegg investerte ein i ny tappelinje.
Magne arbeidde med produktutvikling til det siste
I 2010 vart Skjervheim råka av alvorleg sjukdom, men arbeidde med produktutvikling så langt han hadde krefter til, heilt fram til han døydde i 2017. I 2011 overlét han ansvaret som dagleg leiar til Ingunn Bjørke, som kjende produkta og bedrifta godt.
6 tilsette med allsidig kunnskap
I dag har Optima Produkter AS seks tilsette, fordelte på 4.2 årsverk. Asle Tjøstheim, agronom og meierist med røynsle frå meieridrift, er no produksjonssjef. – Dei som jobbar her, er som poteta, seier Tjøstheim. – Alle er fleksible og kjenner arbeidsprosessane inngåande. Alle hjelper til der det trengst. – Me har bygt opp bedrifta stein for stein, seier Bjørke. – Me har ikkje hatt underskot og har alltid halde eit nøkternt nivå på drifta.
Styre med solid fagleg bakgrunn
Etter å ha vore styremedlem i mange år vart apotekar og farmasøyt Atle Naterstad styreleiar i 2023. Han har fagleg innsikt i ingrediensar og produktutvikling og lang røynsle som bedriftsleiar. I tillegg er Connie Langeland, med erfaring frå marknadsføring, og veterinær Magnus Nyborg med i styret. – Å ha gode samtalepartnarar med kunnskap innan ulike fagområde styrkjer bedriftsutviklinga, seier Bjørke.
Lokal identitet og miljømedvit
Miljømedvit er eit stikkord for Optima Produkter AS. All emballasje som vert brukt, kan resirkulerast. Solceller er installerte på taket av det nye bygget, og bedrifta har kjøpt el-bil. Under utbygginga vart lokale handverkarar nytta, og dei tilsette er medvitne om verdien av å handla lokalt. Bedrifta legg vekt på lokal identitet og språk, og difor nyttar ein nynorsk i all marknadsføring, kommunikasjon med kundar og internt i bedrifta. Det enkle, presise nynorske språket har blitt lagt merke til både lokalt og sentralt, og i fjor vart Optima Produkter AS heidra med Nynorsk Næringslivspris frå Noregs Mållag.
Optima vidare – på lag med naturen
Magne, den oppfinnsame og jordnære veterinæren
Den vesle verksemda i garasjen til den oppfinnsame og jordnære veterinæren Magne Skjervheim har utvikla seg til ei solid familiebedrift, som arbeider aktivt med å gjera eksisterande produkt betre.
Merkevarebygging
I tillegg legg ein vinn på merkevarebygging og identitet. Logo, etikettar og flasker er fornya, og fargekodar på etikettane gjer det lettare for kundane å skilja produkt- kategoriane frå kvarandre. Produkta for folk er merka med svart, for dyr med grønt, og reinhaldsprodukta har blå fargekode. – Hovudmålet er få folk til å velja Optima når dei treng produkt til personleg hygi- ene og reinhald, seier Bjørke.
Foto: Fjord Moods Photography
Dei gode bakteriane
For å nå målet arbeider bedrifta kontinuerleg med å nå ut til folk med kunnskap om dei unike Optima-produkta, som tek vare på dei gode bakteriane. Tilbakemeldingane frå kundar motiverer til systematisk vidare arbeid med å utvikla nye produkt som spelar på lag med naturen – heile tida i Magne Skjervheim si ånd.
Meir utfyllande stoff om Magne Skjervheim og arbeidet hans finn du i Norsk Veterinærhistorisk Selskap. ÅRBOK 2019. Red. Gudbrande Bakken. Lokalavisa for Etne og Vindafjord, Grannar, hadde òg ein artikkel om Magne Skjervheim i februar 1990.
fakta om MAGNE SKJERVHEIM
Fødd 6. mars 1942 på Oppheim på Vossestrand
• Utanning: Russ ved Voss landsgymnas i 1961, flytta så til Oslo for å starta på Norges veterinærhøgskole, ferdig i 1966.
• Veterinærpraksis: Vanleg veterinærpraksis på Voss, i Norheimsund, i Manger og i Olden, 4 år totalt.
• Tilsett i Næringsmiddeltilsynet: Først i Molde, sidan i Etne, Ølen og Vindafjord. 20 år totalt.
• Forskar: Tilsett ved Veterinærinstituttet i Bergen frå 1991 til han vart pensjonist i 2007.
Optima kan hjelpa mot kløe hjå katt og andre smådyr.
Katt, marsvin og andre ”smådyr” kan også ha kløe og hudplager
Katt, marsvin og andre smådyr med kløe og hudplager kan og ha nytte av Optima-produkta. Men det er ikkje så mange i den kategorien som har «oppdaga» Optima enno.
Her er eit par tilbakemeldingar:
«Etter å ha prøvd en del av produktene jeg kjøpte fra dere må jeg bestille nytt med en gang! Jeg er bare så utrolig fornøyd med alle disse produktene at jeg allerede har rådet fleire til å bestille dem! Jeg er evig takknemlig for at min veterinær nevnte sprayen for meg! Mvh og takk for supre produkter»
Veterinær: «Jeg hadde en kunde innom med to marsvin som klødde voldsomt. Begge hadde fortykket, skjellete hud med mye flass og håravfall. Vi antok midd var problemet og behandlet med dectomax injeksjon. Men det som “gjorde susen” var optima ph spray – 4 dager – og helt normal hud igjen! Eieren ble så begeistret at hun lurte på om optima kunne løse hennes egne psoriasis-problemer. Jeg hadde noen små prøveflasker stående fra siste forsendelse, og damen ble så fornøyd etter kort tids bruk at hun nå ønsker seg optima ph hudpleie pluss.»
Bli fornøgd eller pengane tilbake:
Me er så sikre på at også du vil bli ein fornøgd kunde at skulle du likevel ikkje bli det får du kjøpesummen tilbake utan vidare. Einaste vilkåret er at du i ein mail fortel om korleis du har brukt produktet og kva som ikkje vart i samsvar med produktopplysningane.
Optima er produkta som gjer kvardagen din som dyreeigar lettare. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Tlf 56564610