Nye personvernreglar frå 1. juli 2018
GDPR

Personvernerklæring frå Optima Produkter AS:

Behandling av personopplysningar
Optima Produkter AS ved Ingunn Bjørke er ansvarleg for lagring og bruk av dine personopplysningar. Opplysningane vert behandla i samsvar med krava i personopplysningslova med forskrifter.

Type personopplysningar
Optima Produkter AS hentar kun inn opplysningar som er naudsynte. Namn, adresse, e-post, telefonnummer og firmanamn/organisasjonsnummer. Opplysningane vert henta inn frå bestillings-/ordreskjema, og skal nyttast til å sende faktura, post/ordrer, gjenopprette passord og sende informasjonsmail.

Ein kan når som helst gje beskjed til Optima Produkter AS at personopplysningane kan slettast dersom ein ikkje lengjer samtykker til det.
Opplysningar som er nødvendig for faktureringsføremål må i høve til rekneskapslovgivinga oppbevarast i 10 år.

Opplysningane vert kun nytta av Optima Produkter AS og vert ikkje utlevert eller selt til andre.

Mvh

Optima Produkter AS
Ingunn Bjørke
Dagleg leiar