For kjøp frå oss gjeld forbrukerkjøpsloven http://www.lovdata.no/all/nl-20020621-034.html og angrerettsloven http://www.lovdata.no/all/hl-20001221-105.html
Frakt – utsending
Alle bestillingar blir sende med Post Nord, innan 0 – 4 arbeidsdagar.
Post Nord sin fraktguide er integrert i nettbutikken. Dersom pakken er under 2,0 kg kan ein få den heim i postkassen for kr 79,-. Ved sending til utleveringsstad har Post Nord standard hentefrist 7 dagar.
Fraktfritt ved bestilling over kr 1600.- inkl mva.
Sikker betaling med Mastercard/Visa, Vipps eller Afterpay faktura
Ingen kredittkortopplysningar vert lagra inne på Optima sine sider.
Alle transaksjonar skjer på Nets/Dibs Paymentsystem sine sikre sider.
nets.no
Personopplysningar
Opplysninger som vert gjeve ved registrering av konto, vert lagra i vår database, og brukt kun internt som vårt kunderegister og kunde-oppfølging. Sjå elles personvernerklæringa frå Optima: optima-ph.no/personvern
Varer som vert skada under sending
Noter ned skaden i transportdokument eller leveranseoversikt dersom dette føl med når du mottek varene. Ta bilete av skaden og send straks til: [email protected] Me vil ta kontakt med Post Nord umiddelbart.
Returrett
Tidlegare hadde me angrerettskjema vedlagt i utsendt vare. Sidan me har hatt svært få som har benytta seg av det, har me bestemt oss for å spara miljøet. Dei som vil benytta angreretten kan skriva ut skjemaet her; ANGRERETTskjema og fylla det ut.
Varene må returnerast med skjema til Optima Produkter as seinast 14 dagar etter bestilling. Varene må væra uåpna og utan skade.
Kjøpar betalar returfrakt.