Optima-pH produkter for dyr

smadyr_antibiotikaplakatUtspel om redusert antibiotikabruk frå Veterinærinstituttet, Norges Veterinærhøgskule, Den Norske Veterinærforening og Mattilsynet. (Klikk for større bilete)

Overdriven bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen

Naturen slår tilbake, bl a i form av resistente bakteriar. Derfor er det viktig at forbruket av antibiotika og desinfeksjon blir redusert.

Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
I vår moderne tid har mange gløymt denne samanhengen som er så viktig for helse og trivsel hos folk og dyr. Legg ein til rette for dei gode bakteriane vil ein unngå mange plager.

OPTIMAKONSEPTET

• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette. Sjampoar med høg pH fjernar feitt frå hud og pels. Det gjer ikkje vår hudvask for dyr.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen vert lite påverka.

INNHALD I OPTIMA:

Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Absorberer sårsekretet og stimulerer det uspesifikke immunforsvaret.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine positive effektar på hud og hår. ANDRE ORGANISKE SYRER utfyller desse eigenskapane.

HUDVASKPRODUKTA inneheld i tillegg tensidar (vaskestoff) i halv konsentrasjon. Resten er hudpleie. Dette og LÅG pH gjer desse produkta svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

Produkt til folk:

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Begge desse er sikre når det gjeld allergi.
NB! I Optima er det IKKJE PARFYME. Risiko for allergi er for stor for denne stoffgruppa. Helse er viktigare enn godlukt!

HMS datablad finn du under produktbeskrivelsen på det enkelte produkt.