Har aldri hatt så god hud som nå!

Eg har nå sendt inn mi andre bestilling med Optima-produkt, og dette sjølvsagt fordi eg er veldig tilfreds med dei! Eg «stifta kjennskap» til produkta da eg studerte på Ås for eit par år sidan, og samstundes arbeidde i forskingsfjøset. Nå tenkte eg igjen på det spesielt fordi eg har vore plaga med ein del soppinfeksjonar, spesielt etter mitt fyrste svangerskap. Nå brukar eg både shampo, såpe, hudpleie/balsam, og i tillegg til å ikkje få soppinfeksjonar har aldri hatt så god hud som nå! 🙂